fredag, august 14, 2009

Også i dag

Dei dagane ein står opp med feil fot.
Dei dagane med PMS.
Dei dagane ein kjenner seg svikta og oversett.
Dagen rett før eksamen.
Den dagen då alt gjekk gale og ein vil gøyma seg under dyna.
Sjølv dei dagane innbyr Jesus oss å kome til seg.

Eg vert nesten forferda ved tanken.
”Men Jesus”, seier eg, ”akkurat no orkar eg verkeleg ikkje å be,
lese ordet ditt, lovsynge eller i det heile vere åndeleg”.

”Kjære barn”, seier Han som kjenner meg, tilbake.
”Ikkje ta på deg den åndelege maska di.
Kom som du er. Legg deg ved føttene mine.
Sett deg på fanget mitt. Men ver hos meg.
Også no når du har det slik.
La meg få fylle deg med min fred.
Min nåde er nok for deg. Også i dag”.

”Og Guds fred, som overgår all forstand,
skal vara dykkar hjarta og tankar i Kristus, Jesus”
Fil 4,7

Ingen kommentarer: